Alle som vervar eit medlem- også kløvermedlem- og støttemedlem i november eller desember, får ei 4H t-skjorte.

Alle som vervar minst 3 nye medlemmer får òg ei t-skjorte for Superververe. ( Gjelder kun vervarar under 26 år). 

4H Norge deler òg ut premie til både klubb og fylkeslag med størst auke.

 

Hjelp klubben din og 4H Sogn og Fjordane med å få fleire medlemmer!

Nye medlemmer som har betalt kontingent før 31.12 fører til:

- Fleire medlemmer i klubben.

- Klubben får meir Frifondmidlar som skal brukast til aktivitet/ innkjøpt av utstyr til aktivitet i klubben.

- Mange klubbar får støtte frå kommune og banker ut i frå medlemstal.

- Kontingenten som det nye medlemmet betalte før nyttår gjeld òg for 2021.

- 4H Sogn og Fjordane får fleire medlemmer, som fører til at dei får meir pengar frå bl.a. Vestland fylkeskommune, Landbruksorganisasjonane og kontingent. Som igjen fører til stor og variert aktivitet i fylket.