Helga 29. april- 1. mai arrangerte 4H Hordaland Trivselagentkurs for medlemmer som har Trivselsagent som 4H-prosjekt i år. Kursinstruktørar var Janniche Næss Bergås, Lisa Jonetta Ølvestveit og Silje Lilleås.

På samlinga fekk medlemmane moglegheit til å jobbe med prosjekta sine, samstundes som deg fekk opplæring i  det å kunne skape tryggleik, føle tilhørsle og fellesskap. Her ble det òg brukt mykje tid til å bli kjent med deg andre deltakaraneog ha det sosialt.

Årets trivselsagentar er:  Ilona-Marie Batta Solheim (Gløgg 4H), Agathe Ølvestveit (Lauvsprett 4H),  Camilla Solberg (Høymolen 4H), og Mia Breivik, Ulrikke Frekhaug Brandsdal og Helena Margareth Fennelly (Team Flatøy 4H).