Ser fram til å skape 4H-vener att

Over 50 4H-arar deltok på digitalt årsmøte i 4H Hordaland. Med stort engasjement, gode innlegg og ordskifte blei rammene for arbeidet i det nye fylkesstyre lagt.
 

-Då eg blei valt som leiar i fjor var det heilt nytt for meg å sitja i fylkesstyret, no veit eg meir om korleis det er å ha leiarvervet og eg gler meg til eit år til i fylkesstyret, seier nyvald styreleiar Synne Røthe Sandal (21).

Det har ikkje vore lett å få til 4H aktivitet det siste året, men klubbane i fylket har vore kreative og fått til mykje.

-Det har blitt arrangert karneval ute, motorsagkurs og friluftslivsaktivitetar som ski, aking og mat på bål. Eg håpar det opnar opp att no, slik at me kan få møta 4H-vener frå andre delar av fylket, seier Synne.

Det neste året tenker eg det er viktig å jobba med å halda aktiviteten i klubbane oppe og ta vare på alle dei vel tusen medlemane me har i 4H Hordaland.

-Årsmøtet vedtok planar for både store og små aktivitetar, regionalt og lokalt. Eg ser fram til eit godt samarbeid med det nyvalde fylkesstyret det neste året, seier Synne.

 

Fylkesstyre for året 2021

Født år

Leiar i fylkesstyret

Sandal Synne Røthe

LOFTHUS

2000

Styremedlem

Vikane Steinar Holmberg

STORD

2000

Styremedlem

Gjerald Martha

VOSS

2001

Styremedlem

Trå Anna

GRANVIN

2003

Styremedlem

Skarveland Agnete Flatnes

SVEIO

2003

Varamedlem

Opedal Marius Instanes

LOFTHUS

2000

Varamedlem

Ølvestveit Lisa Jonetta

ÅKRA

2002

Varamedlem

Stråtveit Steffen

VOSS

2005