Sykkelturen kjem innom alle fylka i vest, og på vegen stoppar dei innom fleire forskjellege lokalmiljø. Kanskje kjem dei innom der klubben din er?

Det er planlagt aktivitetar, konkurransar og konsertar – og dei utfordrar alle organisasjonar til å bli med på å gjer sykkelturen til tidenes happening. Her har de moglegheita til å visa fram klubben dykkar, så ta på 4H genseren, finn fram 4H flagget og vis fram kven de er.

De kan ha ein aktivitet, eller ein stand. Eller bare møta opp heile klubben for å visa dykk fram!

Dei kjem til:

Møre og Romsdal - 14.juni til 20.juni

Vestland - 22.juni til 28.juni

Rogaland - 30.juni til 06.juli

Gå inn på https://sykkelturen2022.no/ for å lesa meir om kva som skjer i ditt nærmiljø. Her finn de påmeldingsskjema viss ein vil halda aktivitet, og ein kontaktperson for kvart fylke om ein vil høyra meir om moglegheitene ein har til å vera med.