I år vart det digitale styrevervskurs i alle vestlandsfylka. I planlegginga av del 2 fann vi ut at vi ville lage til nokre videoar som skal hjelpe dei som sitter i klubbstyra med å planlegge og gjennomføre årsmøtet i klubben. 

Sidan det i dei fleste klubbar er mykje samarbeid om arbeidet rundt årsmøtet, kan det vere ein fordel at alle i styret ser over videoane. Det kan anbefalast å sjå dei saman på eit styremøte. Og så bruke videoane aktivt i arbeidet, særleg dersom du skal sjekke opp korleis du t.d. avsluttar rekneskapen, skriver innkalling eller førebur årsmøteprotokollen.

I videoen om leiaren si rolle finn du informasjon om innkalling til årsmøtet og kva saker som skal handsamast under årsmøtet, kort om vedtektene til klubben, gjennomføring av årsmøtet og litt om avstemming under årsmøtet.

Her finner du fire videoar for arbeidet med årsmøtet:

* ein for leiaren (PPSX, 9MB) (klikk på lenka for å laste ned PowerPoint-presentasjon med lyd) 

* ein for sekretæren


* ein for kasseraren


* samt ein video om registrering og rapportering i medlemsregisteret i etterkant av årsmøtet.

Vi håpar videoane kjem til nytte i arbeidet, og at dette er nyttig informasjon for årsrapporteringa som har frist, 1.desember!

Hugs at du kan ta kontakt med fylkesstyret,  hordaland@4h.no eller 4H-kontoret turid.herland@4h.no dersom du lurer på noko.

Ein ekstra stor takk til Steinar, Helle, Hans Ole og Eirik som har laga videoane!

Hordaland: Steinar Vikane
Rogaland: Helle Skretting
Møre & Romsdal: Hans Ole Hatle

Sogn & Fjordane: Eirik Førde