Dette er kjempetrist, for vi veit mange har gleda seg til denne helga. Storkurs er eit stort arrangement innomhus med deltakarar frå heile fylket. Stor usikkerheit rundt Koronasmitte, gjer at 4H ønskjer å være føre var og ta omsyn til både deltakarar og frivillige.

Avgjersla er basert på Folkehelseinstituttet sine råd om smitteforebygging per 10.03.20, samt gjennomgang av eigen tryggleik og ønskje om å bidra til å bremse smitteomfanget.

Informasjon blir sendt ut på e-post til alle påmeldte, deira pårørande og alle samarbeidspartar i dag 11. mars 2020.

Faktura for kurset blir ikkje sendt ut.

Har du spørsmål?

Send til hordaland@4h.no

Les meir om koronaviruset på Folkehelseinstituttet sine sider.

Mange barn og unge har spørsmål om koronavirus. Her er Helsedirektoratets video: