Litt om Helene 

Helene (41 år) er ei engasjert dame som alltid har mange spennande ting på gong. Ho er utdanna lærar og er særleg oppteken av at barn og unge skal meistre, lære og utvikle ei god sjølvkjensle. I dag arbeider ho i bedrifta Audhild Viken AS. Her har ho hatt mange ulike roller og stort ansvar opp gjennom åra. 

Store delar av sitt vaksne liv har Helene budd i Bergen. For ei stund sida, bestemte ho seg for å flytte heim til Sande i Sunnfjord. Her har ho tatt over drifta av garden ho vaks opp på. No gler hos seg til å jobbe i 4H.

Medlem i 4H

Helene var aktiv 4H-ar, og medlem i Hakkespetten 4H og seinare alumnklubben SOFA. Mange kjenner sikkert også Helene som instruktør på styrekurs i fylket. 

Overlapp i januar og 100% 4H frå februar

I januar skal Helene jobbe noko for sin gamle arbeidsgjevar. Samstundes skal ho bli kjent med jobben i 4H. Hilde Sværen har sin siste offesielle arbeidsdag i 4H no i desember. Heldigvis for oss, har ho i tillegg sagt ja til å hjelpe Helene i gong i januar. Dei vil begge vere til stades 50% av arbeidsveka. Det kan derfor ta litt lenger tid enn vanleg å få svar på ting i denne perioden. Frå 1. februar er Helene på 4H-kontoret kvar dag. 

Velkomen tilbake til 4H, Helene!