Årets klubb sendte mange medlemmer på storkurs og nordisk leir, og dei har hatt fleire medlemsmøte gjennom året der dei har brukt foreldre, bygdekvinnelaget, andre vaksne og dei eldste medlemmane som hjelparar. Dei har hatt eit fellesprosjekt som har prega året deira, og her har alle og ein kvar delteke. Planlegginga starta i januar med ei heil helg for alle medlemmane i klubben der dei skulle dele folk inn i grupper og kome i gang med arbeidet. Dei hadde det også svært kjekt, med kiosk, leikar, klatring og smiing i løpet av helga.

Årets klubb har gjort ein enorm innsats i klubben sin. I denne klubben skal «alle med», og dei samarbeider truleg godt ilag sida dei har klart å arrangere to store arrangement for heile bygda. Dei har jo også hatt eit miniprosjekt på sida, som var å søkje etter støtte til nye kanoar, som resulterte i at dei no har tre kanoar og ein robåt.

Årets klubb har arrangert jonsok-samling ved Reinsnosvatnet, der dei stod for kiosksal, kaker, grilling, brurarfylgje, natursti og sikkert endå meir. Dei har også vore på Go-cart to dagar og reist på musikal i Odda. Men det er ikkje til å stikke under ein stol at det som imponerte fylkesstyret mest av alt, er at årets klubb har arrangert Farmen for klubben og bygda si. Dei laga ulike produkt som dei selde, hadde tvekampar, gjekk i gamle klede og selde flatbrød og nordlandslefser. Farmen-dagen vart slått saman med haustfesten og medlemmane hadde fått svært gode tilbakemeldingar på opplegget.

Fylkesstyret i Hordaland vil gratulera Skare 4H som årets klubb 2019!