Dette er den andre samlinga trivselsagentane får gjennomføre i 2021, men denne gangen valte trivselsagentkoordinatorane å gjennomføre på ein litt annleis måte.

«Vi møtte opp i Førde, ved 4H kontoret, der vi blei plassert i bilar. Det første stoppet fann stad på Flatheim 4H gard i Viksdalen. Der fekk vi laga oss pizza i sjusteinsovn, etterfølgt av sveler som vart laga på bålpanne. Vi fekk også prøve oss på å skyte med pil og boge, som var utruleg artig!» seier Anette Eineteig som no er trivselsagent for andre året.

Då dei var ferdig med å kose seg på Flatheim, gjekk ferda vidare. Stopp nummer to fann stad hjå Helene Lundekvam, som er organisasjonsrådgjevar i 4H Sogn og Fjordane. Her fekk trivselsagentane høve til å både helse på, og mate geiter. Dette var siste stoppet før ein nærma seg hovud-destinasjonen, og alle fekk difor bind framfor auga, før ein vart plassert i bilane igjen.

«Ein skulle gjerne tru at det var skummelt og ubehageleg å reise i blinde, utan noko aning om kor ein skal. Slik var det ikkje i det heile teke. På førehand hadde vi fått ei pakkeliste etter vermeldinga, og streng beskjed om at vi måtte pakke i berre ein bag, slik at vi skulle klare å få med oss alt. Vi vart ført gjennom skogen i blinde seint på kvelden. Klokka 23:30 var vi endeleg framme på Røde Kors si hytte på Langeland!» fortel Thea Kirketeig som er trivselsagent for fyrste gong.

Laurdagen gjekk til praktiske oppgåver, der trivselsagentane skulle lære meir om korleis gjennomføre samarbeid på ein god måte. Kvar oppgåve var etterfølgt av diskusjonsspørsmål, der ein skulle reflektere over kva som fungerte og ikkje. Innimellom alt det obligatoriske og teoretiske, blir trivselsagentane også godt kjende med kvarandre.

«Vi har fokus på at når dei kjem på samlingane, så skal dei ikkje berre vere her for å lære kunnskap dei kan bruke i sine eigne klubbar. Vi er også opptekne av at dei skal byggje gode sosiale relasjonar til kvarandre, og få vennskap som kan vare.» smiler Guro Ø.Henriksbø, Kristin Eineteig og Mathilde Tjønneland, som sjølv vart eit trekløver gjennom å vere trivselsagentar. No er dei trivselsagntkoordinatorar for andre året på rad.

Får erfaring på fleire plan

Trivselsagentane si oppgåve er mellom anna å skape trivsel på større 4H-arrangement og i eigen klubb, samtidig som dei skal gå føre som eit godt førebilete og vere ein tryggheit for andre. Samtidig lærer ein mykje om korleis ein skal møte andre menneske med ope sinn.

«Å vere trivselsagent har utan tvil vert med på utvikle meg positivt. Eg har blitt meir utadvendt, og tør å ta på meg oppgåver som kanskje verkar skremmande i starten. Dette er noko som allereie har kome godt med på andre plan i livet. Denne helga var samarbeid hovudtemaet, noko som kjem godt med både på skulen, i arbeidslivet og på privaten. Eg er utruleg takknemleg og glad for at eg valde å bli trivselsagent, då eg verkeleg har fått mykje godt ut av det!» smiler Anja Mundal.

Alle trivselsagentane er einige i at helgas samling var uforgløymeleg. Dei hadde aldri sett føre seg at det å bli 'kidnappa' kunne vere så moro, men håpar at dei ved seinare høve kan få oppleve det igjen.

«4H-aktiviteten i fylket har det siste året vore låg på grunn av Covid-19, men er no på veg opp at, noko som er veldig deilig! Eg har savna å møtast sosialt i 4H, så denne helga var etterlengta! Storkurs skal etter planen gjennomførast på Vassenden helga 17. – 19. september. Eg gler meg til å treffe dei andre trivselsagentane igjen då!» gliser Sigve Tyssekvam, som allereie er påmeldt til Storkurs.