Har klubben fått frifondstønad året før, skal rekneskapen no også fortelje kva pengane er brukt til. Frifondrapporten blir no ein del av den signerte rekneskapen som blir lagt som vedlegg.

1. desember 2021 skal klubbane rapportere frifond-pengane som blei utbetalt i september 2020.

Meir detaljert enn før

Rapporten skal vise alle utgiftene frifondpengane har dekka i perioden.

Vis til kvitteringar/ bilag i rekneskapet.

Hugs å bruke opp alle pengane før rekneskapen blir avslutta!

Lag gjerne ein plan for kva frifondpengane skal brukast til i starten av året. Då er de sikre på at pengane blir brukt opp. Dersom det ikkje er mogleg for klubben å vise til nok utgifter i slutten av året, må nemleg pengar betalast tilbake. 

Kva kan frifondpengane brukast til? 

4H Norge får desse pengane av LNU. Dei har sagt at frifond skal brukast til aktivitet lokalt. 

Les meir om frifond her.