I tida framover no vil vi gjere eit løft for å få registrert alle politiattest på alle klubbrådgjevarar #politiattesti4h

Klubbrådgjevarar utan registrert politiattest vil få epost om at dei må søke om politiattest no. 1. juni vil alle utan registrert politiattest miste tilgangen til medlemsregister og prosjektplattform.

Korleis få politiattest?

  1. Klikk på: https://www.politiet.no
  2. Trykk på boksen "Politiattest - søke på nett", midt på sida.
  3. Logg inn med BankID.
  4. Vel føremål frå nedtrekkslista (føremålet er: frivillig organisasjonar).
  5. Last opp stadfesting på føremål som vedlegg
  6. Send inn.
  7. Vent på svar. Send dette vidare til klubbrådgjevar A/fylket (på epost eller via Digipost)

Stadfesting av føremål (sjå vedlegg)

Ved denne eposten finn du eit signert skjema. Fyll ut resten av skjemaet og send inn som vedlegg til søknaden. Tips: Skriv gjerne ut, fyll inn og ta bilete/skann for å legge ved som fil.

Politiattest er registrert? 

På "min side" kan du sjølv sjekke om politiattest er registrert. "Min side" finn du på 4h.no (øverste høgre hjørne). 

I 4H er det bestemt at desse 4H-verva har krav om politiattest:

  • Tillitsvalde på fylkesnivå dersom dei skal sitje i styre eller utval med mindreårige.
  • Medlemar av leirkomitear/arrangementskomitear, samt frivillige hjelparar til slike arrangement som kjem i ein posisjon der dei vil ha nær kontakt med ein eller fleire av dei same ungdomane gjentatte gonger.
  • Dagleg leiar, tilsette og frivillige medhjelparar på 4H-gardane som over tid skal ha kontakt med ein eller fleire av dei same ungdommane.
  • Medlemar over 15 år som skal vere aspirantleiar over tid og gjennom fleire møter/aktivitetar.
  • Prosjektrettleiarar/-hjelparar over 15 år som skal delta på fleire samlingar med dei same medlemane.
  • Klubbrådgjevarar og andre vaksne støttespelarar som skal delta på klubbmøter og -aktivitetar.

Politiet skriv: For at saksbehandlingstidene skal overholdes, må du søke om politiattest elektronisk og opprette digital postkasse via Digipost eller E-boks.

Politiattesten varer så lenge du er klubbrådgjevar eller har same vervet i 4H.

Les meir om rutinar for politiattest i 4H.

Les meir om trygge organisasjonar og beredskap på LNU si heimeside. 

Klubbrådgjevar A har tilgang til å registrere politiattest for klubbrådgjevar B