Laurdag 6. november kom 43 4H-arar for å motta sine plakettar på Kløvertun , Os. 11 av desse var plakettmottakarar i fjor, 32 var frå årets kull. Totalt fekk 39 medlemmar i Hordaland plaketten i 2020, og i år er det 59 plakettmottakarar.

4H Hordaland er veldig glad for at me kunne tilby både fjorårets og årets plakettmottakarar ein plakettfest i år. Fjorårets fest måtte avlysast fleire gongar på grunn av korona, og me har vore redde for at dette kunne skje i år òg. Mange av fjorårets plakettmottakarane har flytta frå Hordaland for å gå på skule, arbeide eller vera i forsvaret, men at 11 av dei hadde moglegheit til å kome, set me veldig stor pris på. 

Årets plakettmottakarar er ein veldig stor og flott gjeng som kjem frå 23 klubbar frå heile fylke. Vi har blant anna plakettmottakarar frå Fjordglimt 4H i Masfjorden/ Nordhordland, Myrkdalen 4H i Myrkdalen/ Voss, Skare 4H i Skare/ Ullensvang, og Lid 4H i Sveio. Me håpar at alle har hatt fine år i 4H, og at de kanskje vil fortsette i 4H-systemet som alumnar, instruktørar eller klubbrådgjevarar. 

Plakettfest

Janniche Næss Bergås frå alumnklubben H.A.N.S.A. leia årets plakettfest med stødig hand. 4H-medlem og plakettmottakar Miriam Solheim frå 4H-klubben Samhald II 4H frå Seim i Nordhordland, sang ein nydelig sang, før Fylkesstyreleiar Synne Røthe Sandal, foreldrerepresentant Bjørne Røthe, plakettmottakar Thea Lerbrekk og alumnrepresentant Anita Lunde fortalte litt om 4H-livet før, under og etter plaketten. 

Til middag fekk deltakarane servert kjøttsuppe som var laga av medlemmane i 4H-klubben Gløgg 4H frå Ulvik, klubbrådgjeverane Kjersti og Geir Ystanes og foreldre. Lammekjøtet var sponsa av Nortura. Til suppa vart det servert heimelaga flatbrød frå Kjersti Ystanes, og Pål Drønen sponsa festen med deilig focaccia. 

Etter middag og kaker sa ordførar Harald Rydland frå Fitjar nokre flott ord til plakettmottakarane og pårørande, før han saman med fylkesstyreleiar Synne Røthe Sandal og 4H-ansatt Turid Sandstad Herland delte ut plakettar og vitnemål til plakettmottakarane. 

Til slutt tok vår trufaste fotograf Rune Solberg, Vennskapsporten 4H på Osterøy, bilete av alle plakettmottakarane.

Ein stor takk til Kjesti og Geir Ystanes for deilig mat, og til Lisa Jonetta og Cecilie Strandos , Helene Feste, Sofie Ljones, Anita Lunde, Steinar Holmberg Vikane,  Synne Røthe Sandal, Lisa Jonetta og Venke Ølvestveit, Lene og Ida Herland som hjalp til for å få dette til å bli ein flott dag!

4H Hordaland gratulerer alle plakettmottakarar med vel gjennomført 4H-løp!

Plakettmottakarar 2020 Plakettmottakakrar 2020 (JPG, 71KB)

Plakettmottakarar 2021 Plakettmottakarar 2021 (JPG, 84KB)

Plakettmottakarar Hardanger Plakettmottakarar Hardanger (JPG, 67KB)

  Plakettmottakarar NordhordlandPlakettmottakarar Nordhordland (JPG, 66KB)

Plakettmottakarar Voss Plakettmottakarar Voss, Ulvik, Granvin (JPG, 73KB)

 Plakettmottakarar Sunnhordland Plakettmottakarar Sunnhordland (JPG, 71KB)

Plakettmottakarar og ordførar Plakettmottakakrar og ordførar (JPG, 86KB)

Plakettmottakarar Plakettmottakarar (JPG, 90KB)

Fotograf Rune Solberg

Om nokon treng bileta i større format, ta kontakt med Turid på 4H-kontoret.