Agnete Flatnes Skarveland frå Lid 4H i Sveio, fylkesstyreleiar Synne Røthe Sandal frå Bjødnabykse 4H/H.A.N.S.A. ,og Andreas Ølvestveit frå Solglimt 4H/ H.A.N.S.A.  gjorde ein flott jobb som representantar frå  4H Hordaland på Landsmøtet. Nokre av dei tinga som vart diskutert var medlemskontingent, landslotteri, bruk av nynorsk i 4H, korleis gjere 4H attraktivt for 14-åringar, strategi og mål for 4H Norge. 

Under generaldebatten var det stort engasjement blant medlemmene, og 4H Hordaland var eit av  mange fylke som var oppe på talarstolen for å seie si meining om landbruk, kurs og leirar, samhald, klubbrådgjevarar og verving.

Siri Myhre vart valt som styreleiar, hennes tredje periode. Med seg i styret fekk ho bl.a. to frå 4H Hordaland, Andreas Ølvestveit frå Åkra og Jens Håkon Birkeland frå Voss.

 

Stolte 4H-arar frå Hordaland på landsmøte