-Vi er klar for eit nytt år med 4H-aktivitetar, styrearbeid og planlegging av nye spennande prosjekt, seier styreleiar Berit Fredriksen. Ho har nå tatt attval til ein ny periode som leiar for 35 klubbar og omlag 700 4H-medlemmer og klubbrådgjevarar frå fylket.

-Det er som å vere på «nivå 2». Nå veit eg kva som ventar, og kan tenkje mykje lenger fram enn i fjor, fortel ho engasjert. Berit kjem frå Valldal, og har vore aktiv i Ruggå 4H sidan ho var 10 år.

-I 4H har eg lært utruleg mykje om svært mange forskjellige tema, men aller mest om organisasjonsarbeid, leiarskap, demokrati og samarbeid.

Dette året skal Berit og resten av styret arrangere mange ulike fylkesarrangement, blant anna fylkesleir.  Samstundes utarbeider styret nye mål for organisasjonen.

-Vi ønskjer å knyte mykje sterkare band mellom klubbane og fylkesleddet. Ein tett og god dialog vil styrke demokratiet, samt gjere tiltaka som fylket set i gong mykje betre, seier Berit.  

Desse er vald inn i nytt styre:

Leiar                                 Berit Fredriksen                            Ruggå 4H          

styremedlem                  Ragnhild Bjørkedal                       Freidig 4H         

styremedlem                  Tor Inge Aleksandersen               Regnbuen 4H   

styremedlem                  Anna Kristine Nisja                       Fossekallen 4H 

styremedlem                  Lina Marie Bjørkedal                    Freidig 4H         

1 vara                               Silje Stadheim   43                        Fjellrosa 4H      

2 vara                               Lill Mari Remset                            Ruggå 4H          

3 vara                               Tare Reklev Øverbø                     Storm 4H