Kontaktinformasjon og tilgangar

Det er viktig at kontaktinformasjon til klubbstyret blir oppdatert til dømes i Brønnøysundregistrene, medlemsregistret til 4H, på heimeside og sosiale media. Slik kan styret motta informasjon og andre kan få kontakt.  

Å ha eit verv vil ofte sei at du har tilgang til administrasjon av til dømes sosiale media. Hugs å gje tilgangen vidare. I medlemsregistret til 4H heng dette saman med verva som blir lagt inn.

Plan for det neste året

På årsmøtet blir årsplan vedtatt. Dette kan vere ein detaljert plan eller ei enkel liste over aktivitetar som klubben vil gjennomføre det neste året. Det nye styret bør på første styremøte lage eit årshjul for klubben. Fordel ansvaret for dei ulike aktivitetane og oppgåvene som skal gjerast. Hugs at også andre enn styret bør få ansvar!

På grunn av korona-pandemien er det vanskelegare å planlegge året i detalj. Dette betyr at styret kanskje må endre planen fleire gonger i løpet av året. Planlegg aktivitetar som er enkle å gjennomføre. Kanskje kan ein ta med matpakke i staden for felles mat? Kva med aktivitet for smågrupper i staden for heile klubben? Besøk og samarbeid med ein profesjonelle aktør er lurt. Då ivaretas smittevern av firmaet ein besøker. Kva med å besøke 4H-garden?    

Sjå andre tips på 4h.no/ressurssider/korona

Medlemmer

Kva skal til for at barn og unge i nabolag vil vere med i vår 4H-klubb? Styret eller heile klubben bør diskutere dette nå. Sett gjerne opp ei liste over positive ting. Dersom medlemane har tilgang til mobiltelefon eller datamaskin, kan ein bruke www.mentimeter.com. Dette kan gjere det enklare å få nye medlemar og ikkje minst halde på dei vi har.  

Nå er tida for å oppdatere lista over medlemer i medlemsregistret. 1. februar tar 4H Norge ut ei liste. Alle medlemane som er på lista, vil få faktura for medlemskontingent.