Dei siste åra har eg budd litt rundt omkring, men har endeleg kome heim til Rogaland. Difor er eg veldig glad for å få moglegheita til å vera ein del av 4H igjen. Eg har studert Kultur og Kommunikasjon på Universitetet i Oslo, og er interessert i landbruk og småskala matproduksjon. Spesielt korleis det kan bli ein større del av folk sin kvardag. Eg har difor både arbeida frivillig på garder i Tyskland, og er no ein del av eit lite andelslandbruk på Orre. Det eg har lært der vil eg gjerne ta med meg inn i prosjektet, slik at barn og unge på Storhaug kan læra meir om mat og kvar den kjem frå.

Elles er eg medlem i Snakk! som arrangerer foredrag og samtalar på Bryne. Eg liker å klatre, spele brettspel og har alltid eit kreativt prosjekt på gang. Og eg er veldig glad i å arbeida med andre og finna gode løysningar saman. Så no gler eg meg til å starta med og skape 4H aktivitet i byen.