Noko av det kjekkaste med 4H er å reise på leir, og sjølv om vi i år ikkje kan samlast på fylkesleir – kan vi arrangere leir lokalt.

Det å møtast er kanskje viktigare no enn nokon gong!
Å reisa på overnatting ute, treffast rundt leirbålet, ha leikar, volleyball, og kanskje læra noko nytt, skapar samhald og ikkje minst noko å sjå fram til.

Vi håper at DU eller klubben din har lyst til dette. 

Treng de tips og inspirasjon? I vedleggja til høyre/under finn de enkle forslag som kan hjelpa dykk med å planleggja. 


Leirmerke

Stoffmerke 4H-leir 2021

 Bestill stoffmerke til din leir ved å sende mail til Turid.herland@4h.no. Eit merke kostar kr 30.

 Vipps totalsummen til 4H Hordaland på #96449 og skriv melding med kodeord   «leirmerke» og klubbnamn.



Lukke til med å skape minneverdige opplevingar til medlemane dykkar!