Noko av det kjekkaste med 4H er å reise på leir, og sjølv om vi i år ikkje kan samlast på fylkesleir – kan vi arrangere leir lokalt.

Det å møtast er kanskje viktigare no enn nokon gong!
Å reise på overnatting ute, treffast rundt leirbålet, ha leikar, volleyball, og kanskje lære noko nytt, skapar samhald og ikkje minst noko å sjå fram til.

Vi håpar at DU eller klubben din har lyst til dette. 

Treng de tips og inspirasjon? I vedlegga til høgre/under finn de enkle forslag som kan hjelpe dykk med å planlegge. 



Lukke til med å skape minneverdige opplevingar til medlemane dykkar!