Etter fleire veker med heimeskule og mykje inneseting, har no 4H-are i Hordaland - og landet for øvrig – tatt friluftslivet tilbake. I anledning 4H-dagen 4. mai, er det mange som i helga har søve ute under open himmel.

For niande år på rad pakkar 4H-are over heile landet soveposen, tek på seg varme kler og går ut for å søve under open himmel. Koronapandemien gjer at medlemmene ikkje kan møtast fysisk i grupper, men i helga var vi ute  - kvar for oss - under open himmel!

Det enkle er ofte det beste. Ein trenger ikkje reise langt for å få dei store opplevingane. Sjølv dei korte og nære turane, kan gi gode opplevingar. I dette annleis året, der vi skal halde avstand og ikkje samlast i store grupper, kan turen under open himmel gå til verandaen, terrassen, hagen eller hundremeterskogen.

Bileta under er innsendt frå 4H-arar i fylket som har overnatta ute denne helga.