🥇1.plass:

I november gjekk fylkesstyret i 4H Hordaland ut med ei oppfordring til klubbane om å verve nye medlemmer.  Den klubben som fekk flest nye betalande medlemmer innen 31. desember, skulle få ein aktivitetsdag på Ølvestveit gard  med paintball, øksekast og anna moro (maks 30 deltakarar). Vinnarar vart Lid 4H frå Sveio med 6 nye medlemmer.

🥈2.plass

På andre plass kom Knutabruo 4H frå Os, med 4 nye medlemmer. Dei får 4 gratisplassar til fylkesleiren på Fitjar.

🥉3.plass

3.plassen går til Bjødnabykse 4H frå Ullensvang med 2 nye medlemmer i november/ desember. Dei får besøk av fylkesstyret som serverer kake til medlemmene.

 

GRATULERER TIL DEI 3 VINNARANE!