-Vi har alle eit ansvar for å hjelpe valkomiteen med å finne fram til dei beste kandidatane. Eg oppmodar derfor medlemmer og klubbrådgjevarar til å tipse om flinke folk, seier regionkoordinator for 4H i vest, Synnøve Jørgensen. 

4H sitt føremål er å utvikle ein aktiv og samfunnsengasjert ungdom med respekt for natur og menneske. Dette kjem tydeleg fram i "4H-løpet" fram til ein har mottatt plaketten. Etter dette er kanskje ikkje læringsstigen like tydeleg lenger, men den finnes. 4H tilbyr mellom anna utvekslingsprogram, instruktørkurs og ulike tillitverv i organisasjonen. 

Gjennom eit verv i fylkesstyret får ein kompetanse og erfaring som kan vere til nytte gjennom heile livet. Ein får utvikle seg personleg og fagleg. I tillegg får ein vener over heile landet og ikkje minst moglegheit til å påverke verdas beste organisasjon!

Klikk her for å lese meir om arbeidet i fylkesstyret og sende tips til valkomiteen.