Det blir dessverre ingen leirsommar i år heller, noko me i fylkesstyret synes er veldig trist. Men det går an å ha leir i eigen klubb, så det vil me oppfordra alle klubbane til å arrangera🍀🍀

1: Vinn eit kubbespel til klubben! For å vinna må klubben senda inn eit leirstemningsbilete til Hordaland@4h.no

2: Vinn eit toastjern til bål ved å sende bilete av leirportal til Hordaland@4h.no! Den klubben som lagar den kulaste inngangsportalen vinn eit toastjern. På kvar leir lagar kvar klubb/fylke ein inngangsportal til tunet sitt. Sjå bileta i innlegget eller ta kontakt med oss om de er usikker på kva ein inngangsportal er. Her er det berre til å slå laus kreativiteten👩‍🎨

Fristen for å senda inn bilete er 22.august. De kan delta i konkurransen sjølv om de allereie har hatt leir i klubben.

Lykke til!

Fylkesstyret i 4H Hordaland🍀🍀🍀

Leirportal                          Leirportal

Leirportal                          Leirportal