Gjensidigestiftelsen har gitt pengar til å utvikla SIKT vidare i prosjektet Lærerike Opplevingar. Endeleg er det opna for normal aktivitet igjen, og endeleg kan me møtast på tvers av klubbar. Pengane skal gå til å skape kjekke, gode og lærerike opplevingar for medlemmane i 4H Rogaland. 

 

I samarbeid med dykk lagar me eit sett med kurs og aktivitetar som skapar lærerike opplevingar. Dei vil bli presentert som nesten ferdige opplegg og tilsett i fylket vil gje rettleiing i korleis ein kan tilpassa dei lokalt. Då blir det litt lettare for dykk å velja, planleggja og gjennomføra aktivitet, heilt gratis. 

Er dykk klar for å skape enda meir gode 4H minne? 

 

Har klubben din lyst til å få besøk og vera med på eit opplegg for å finna ut kva aktivitetar det skal tilbys? Ta kontakt med hege.reime@4h.no.