Tare

Tare Reklev Øverbø frå Storm 4H, seier at han hugser godt sin fyrste Stor-leir. Det var i Øksnevad i 2018. 

"Eg hadde ikkje vore særleg aktiv i 4H på fylkesbasis i åra før, men i 2018 gjekk eg all inn. Eg var på Superhelga, SAS'en, Fylkesleir og Landsleir. Vi var to frå Stormen 4H som skulle i veg. Der sto vi, to Sunnmøringar som hadde null peiling på kva vi gjekk til. Ingen av oss hadde vore på Stor-leir før.

Eg har vell ikkje kjent meg så nervøs og spent som det eg gjorde den dagen. Eg kjente nesten ingen. Eg var i ein del av landet der eg aldri hadde vore før, og att på til så skarra dei. Eg var heilt lost for å seie det slik. Men det gjekk heilt fint!! Av dei rundt førti andre deltakarane frå fylket, var fleir av dei klare til å bli kjent med meg. Moralistane tok meg inn under arma, og dei blei mine førebilete. At nokon så enkelt kan inkludere andre, klarer eg nesten ikkje å skjønne. Det er nok samhaldet og dei nye vennskapa eg seinast vil gløyme!"

Ida

Ida Kanutte Risvik frå Regnbuen 4H seier at fylkesleir er ei aktivitetshelg spekkfull av moro, konkurransar, kos, leik og tid saman med din 4H-familie. Ho seier at du kan oppleve både lavolivet, Miljøtorg, tautrekking, volleyballturnering, MORALis, dans og musikk. Å veit du kva? Alt dette er faktisk berre ein LITEN del av alt som gjer leir til ein fantastisk opplevelse.

4H

Praktisk

På leir så overnatter, og bur du på eit tun med deltakarar frå din eigen klubb. I hovedsak søv dei fleste i lavo eller telt på luftmadrass, liggeunderlag eller feltseng.

Klubben ordner sjølv med frukost og kvelds, medan leirarrangør står for middag. Det kan vere lurt å ha med seg ein matboks, termos og tursekk, så du kan pakke med deg nistepakke når du skal på utflukt, eller om du ellers skulle bli svolten mellom frukost og middag. Hugs også å ta med tallerken og eige sett med bestikk.

I løpet av dagen ser du det er lagt opp til mange aktivitetar, leikar og konkurransar. Når det kjem til aktivitetar, så vel du hovedaktivitet når du melder deg på arrangementet. Når det kjem til konkurransar kan det vere klubbane mot kvarandre, eller blandalag som stiller ved startstreken.

Volleyballturneringa og tautrekkinga er derfor alltid like spennande! Konkurranseinstinktet er på høgkok der hoiing og roping frå både bana og sidelinja kan høyrast på lang veg. Dette er ei fin trening for landsleirdeltakarane som blir ein samkjøyrd gjeng med "guts".

volleyball

Miljøtorget er open om kvelden. Dette er ein samlingsplass med sitteplassar, kiosk og leik. Her har du mogelegheita til å spele kort og brettspel, være sosial, danse og ikkje minst få deg noko godt å ete frå Alumnane sin kiosk. På menyen har vi ofte funne toast, Litago og sjølvaste MORALisen!

Her skal det hoppes, dansast og klappast! Derfor er bandet "Bjelleklang" og sangane "Slepp din kanggeru ut", og "Gummihatt" noko som går på reprise!

Vi i fylkesstyret håper at vi ser DEG på Fylkesleir eller Landsleir i år. Vi gleder oss til å sjå kjente fjes, og bli kjent med nye 4H'ere. Bli med på ei kjekk helg med din heilt eigen 4H-familie!

Leir

Meir informasjon om Fylkesleir

Meir informasjon om Landsleir