I 2021 gjer koronarestriksjonar det umogleg å samla så mange deltakarar på same stad/under same tak. Men, for at medlemmane våre skal få ein moglegheit til å samlast/ møta 4H-vener, ønskjer vi at dei skal få eit tilbod om dagskurs. 

4H Hordaland har eit ønskje om at alle 4H-klubbane skal tilby minimum eit dagskurs kvar i løpet av våren/ sommaren. Kursa kan vera eit tilbod til ulike aldersgrupper, til 4H-medlem i alle aldre, til medlemmar i klubben, eller medlemmar i kommunen. Her er det kornatiltaka som bestemmer kven klubbane kan invitera.

 

1000 kroner til  klubbane som gjennomfører kurs

4H Hordaland har fått kr. 25 000 frå 4H Norge til Prosjektet Dagskurs, i tillegg legg 4H Hordaland inn 10 000 kr. i potten, slik at alle våre 35 klubbar kan få 1000 kr. for å gjennomføre dagskurs. Send  søknad/ gje informasjon om dagskurs via link til 4H Hordaland. Husk å sende inn bilder frå kurset til Hordaland@4h.no . (Ingen klubb får meir enn 1000 kr.)

 

Eksempel på slike kurs er: motorsag, bli med i fjøset, presisjonskøyring med traktor, saueklipping, saft og syltetøy, tradisjonsmat, snekring, treskjæring, lær å strikke, volleyball, fotomanipulasjon, fisking, friluftsliv, mat på bål, lage seljefløyte, på tur, mm.

Viktige oppgåver:

  • Skaffe instruktørar og kursstad. 
  • Avtala pris og dato med instruktør/ instruktørar og eigaren av lokale/ stad.
  • Ta ansvar for det tekniske.
  • Søke om midlar og sende informasjon om kurs til 4H Hordaland; kursinnhald og dato.
  • Klubbane bestemmer sjølve evt. pris.
  • Kontakte samarbeidspartnarar som Bondelaget, 4H-gård, Bygdekvinnelaget, NJJF, Tine, Nortura med fleire for mogleg samarbeid

Mat: deltakarane kan ta med seg matpakke eller arrangørklubb kan tilby mat. 

-Klubbane kan søkje kommunen, bankar, amedia, kraftselskap og andre om støtte til kursa. 4H Norge kjem òg med tilbod om pengar til friluftslivaktivitet.

Når ein 4H-klubb har planlagt eit kurs, gir dei beskjed til 4H-kontoret om tilbodet, slik at dei evt. kan hjelpe til med å få informasjon ut til dei aktuelle klubbane. Hvis kurset kun skal skje i eigen klubb, tek klubben sjølv ansvar for å informere medlemmene om kurset.  4H Hordaland ønskjer uansett å vite kursnavn og dato, slik at dei har ein oversikt over alle kursa, og kan leggje ut bilete på heimesida/ facebook i etterkant.

 

Har de spørsmål eller lurer på noko, kontakt Turid på 4H-kontoret.

Mail: turid.herland@4h.no

Mobil: 99 40 52 69

 

Med venleg helsing 4H Hordaland


Riding