4H Sogn og Fjordane ønsker å satse litt ekstra på dei eldre medlemmane våre. Statistikken viser at det er fleire som sluttar når dei bikkar 14 år, og etter at ein mottek plaketten og kan verte alumn i 4H. 

Vi ynskjer at fleire ungdommar held fram i 4H, og vi ynskjer å rekruttere fleire nye i aldersgruppa 14-20 år til å bli med i den kjekke organisasjonen vår! 
Difor håpar vi at nettopp DU vil hjelpe oss med å finne ut kva aktivitetar vi skal tilby på storkurs, leirar og andre arrangement i 2022 og framover! 

  • Ynskjer du deg actionfylte aktivitetar? 
  • Aktivitetar der du får utfordra kreativiteten? 
  • Aktivitetar der det sosiale er i fokus? 
  • Eller aktivitetar der du lærer ein praktisk ferdigheit? 

Vi ynskjer alle moglege tilbakemeldingar på dette! 

Spørjeundersøkinga tek berre nokre få minutt, så vi håpar du vil setje av litt tid for å hjelpe oss! Kanskje nettopp DIN draumeaktivitet vert tilbydd på neste storkurs eller leir??? 
Svarfristen er 10.november 2021!