Kan dykk som er klubbrådgjevarar ta ein sjekk i eigen klubb no før påske ?
De finn enkelt Saldolista i Medlemsregisteret over kven som vi manglar betaling frå. Er det mange medlemar på lista? Fordel då gjerne mellom dykk klubbrådgjevarar.

 

info om medlemsliste

Er det nokon som har gløymt å betale? Kanskje fakturaen har gått i søppelboksen, eller av anna grunn "forsvunne"? Fakturaen ligg på "Min side" på den enkelte medlem.
Logg på min side

Det å betale kontingenten gir dykk 4H-arar tilgang til ein flott ungdomsorganisasjon, som tilbyr kjekke aktivitar der du kan lære mykje. 

Sjå gjerne artikkelen på 4H Norge om kva medlemskap i 4H blant anna gir deg som 4H medlem moglegheit for.
 

Feil på faktura?

Er du hovudmedlem og fått faktura som syskenmedlem eller omvendt? Ta kontakt med kontingent@4h.no. Hugs at syskenrabatten gjeld frå og med sysken nummer to.
Oppdatering av kontaktinformasjon, eventuell utmelding osv. gjerast på «Min side» 4h.no.