4H er ein av dei største barne- og ungdomsorganisasjonane i landet, med 12.000 aktive medlemar fordelt på 550 lokale 4H-klubbar. Berre i Vestland fylke finns over hundre klubbar! Grunnlaget for arbeidet ligg i naturbruksnæringane og lokalmiljøet. Dei praktiske ferdigheitane står sentralt, og under mottoet «Å lære ved å gjere» ønsker 4H og gje medlemmane kompetanse til å leie seg sjølv og andre barn og unge.

-For meg er det to ting som er fantastisk med 4H; Det eine er demokratiopplæringa. Korleis 4H lærer opp born og unge i korleis organisasjonsarbeid fungerar. Det andre er at 4H skapar relasjonar, ikkje berre innad i klubben, fylket eller Noreg, men og på tvers av landegrensene, seier Jens Håkon Birkeland.

 

Jens Håkon Birkeland

I ein medlemsstyrt organisasjon som 4H, får barn og unge heilt frå klubbnivå ansvar og tillit gjennom styreverv og eige prosjektarbeid. Både Jens Håkon og Andreas har derfor lang erfaring og høg kompetanse innan leiarskap og organisasjonsarbeid.

-I den arbeidsperioden som kjem no, blir det viktig å gjera 4H kjend for alle. Alle skal vita om oss, og alle skal vita kva me driv med. Slik blir me også fleire! Fortel ein engasjert Andreas.

 

Andreas Ølvestveit

 

Rekruttering er også noko Jens Håkon er oppteken av, men i tillegg er det viktig for han at medlemane føler seg heime i organisasjonen.

 

-Landsmøtet vedtok eit mål om å bruke minst 25% av begge skriftspråka. Alle nøkkeldokument og alt av verve materiell skal no koma på nynorsk og bokmål. Me har medlemmar med nynorsk som hovudmål og medlemmar med bokmål, og det er viktig at alle ser igjen språket sitt, seier Jens Håkon.

 

Med klart hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse gler dei seg begge til arbeidet i sentralstyret. 4H Hordaland er stolt heiagjeng!