Det å vere ein vertfamilie er ei spennande oppleving. Både du og dei, får innsikt i ein ny kultur. Under finn du informasjon om dei to som kjem til Rogaland i år. 

IFYE-Utveksling: Lisa 

Lisa

Lisa er 21 år og kjem frå ein litan landsby litt utfor Wien, der ho no studerer. Ho har budd på gard heile livet før studiene, og ho studerer landskapsarkitektur og planlegging. Ho har alltid likt å vera ute, men er òg både musikalsk og kreativ. Ho elsker å reise, og gler seg veldig til å reise på utveksling. På denne måten kan ho bli kjent med Noreg, menneska og kulturen her på ein heilt annan måte enn om ho berre reiste til Noreg på ferie.

For å lesa meir om kven Lisa er så finn du hennar brev i margen til høgre. (Engelsk) 

Praktisk informasjon om IFYE-utveksling

  • IFYE-delegat kjem til vertsfamilien den 26.juni og blir til 17.7.
  • Ho snakker godt tysk og engelsk, og forstår spansk.

 

USA-Utveksling: Elayna

Elayna

Elayna er 18 år og bur i staten Illinois i USA. Ho er veldig glad i å gå på tur, fuglekikking, høyre på musikk, synge og bake. Ho er ekstra spent på å koma til Noreg og Rogaland, då ho har forfedre på mora si side som kjem frå Sandnes. Elayna seier sjølv at ho veit lite om Noreg, og har lyst til å lære alt om norsk kultur og menneska som bur her. Mora hennar har enda ikkje hatt moglegheit til å besøka Noreg, så ho gler seg til å fortelja både ho og søskena sine alt ho lærer om landet vårt. I tillegg er ho veldig interessert i å lære om, og smake norsk mat, og ho lover at ho skal smake på alt du gjer ho. 

For å lesa meir om kven Elayna er så finn du hennar brev i margen til høgre. (Engelsk) 

Praktisk infomasjon om USA-utveksling

  • Amerikanske ungdom kjem til vertsfamilien den 26.juni og bur her fram til 21.juli.
  • Amerikanarne har debrief i Oslo innen heimreise 22.juli.
  • Vertsfamilie skal sjølv ha ungdom i alder (+- 3 år) og samme kjønn som ungdommen som kjem. 

Her treng vi deg!

Det å vere ein vertfamilie er ei spennande oppleving. Både du og dei, får innsikt i ein ny kultur.

De som vertsfamilie får ei viktig oppgåve fordi du er med på å forme opphaldet for den som kjem, og gje eit bilde av kvardagen i Noreg. Du får mogelegheit til å vise fram lokalmiljøet der du bur, og du blir til gjengjeld kjent med deira språk og kultur. 

Vi vil veldig gjerne ha oversikt over kven i Rogaland som er interessert i besøk frå utlandet. Vi håper derfor at du vil fylle ut  dette skjema   slik at vi kan ta kontakt med deg for å fortelje deg meir om programmet og delegatane.

Registreringa her er uforpliktande. Du får då meir informasjon, som gjer at du kan ta ein avgjerelse på om dette er noko du ønskjer eller ikkje.

Det å vere ein god vertsfamilie

  • Varm og imøtekommande
  • Behandle delgaten som ein del av familien ved å vere omsorgsfull, inkluderande og trygg vaksen.
  • Sørge for at primære behova er dekt.
  • Sørge for at deligaten har tilgang til eiga seng. Om delegat må dele rom - skal det vere med vertssøsken av samme kjønn.
  • Ingen i familien skal ha kriminell bakgrunn, og sørge for å ha ein nokonlunde rein heim.
  • Du ser gleden i frivillig arbeid, og ønskjer å opne din heim for nokon som ønskjer å vere ein del av din familie og din kvardag.

NB: Senda inn vertsfamilieskjema til Rogaland så snart du kan. Ta kontakt med 4H Rogaland på tlf: 94083614 viss du har spørsmål.