I sommar får 4H Hordaland besøk av ei jente frå USA og ein gut frå Nord Irland via USA-utveksling/ IFYE. Kan du tenkje deg å vera vertsfamilie?

Ta kontakt med Turid på 4H-kontoret (99 40 52 69) hvis det hørast spanande ut. 

 

USA-utveksling

Namn: Emma Loren Wilfert

Sted: Texas, USA

Alder: 16 år

Interesser: Vil lære om norsk kunst, mote og underhaldning. Dyr, dans, handarbeid, gå på turar, musikk, friluftsliv, lese og skrive, sport, fotografering

Opphald i Hordaland: 26. juni – 21. juli

Vertsfamilien må ha barn av same kjønn og alder (+ - 3 år)

Ei helsing til vertsfamilie frå Emma

Les meir om det å vera vertsfamilie for en ungdom frå USA i eige dokument

Amerikanske ungdommar skal bo hos ein vertsfamilie. Vertsfamilien må ha minst eitt barn av same kjønn og på same alder (pluss/minus eit par-tre år).


IFYE

Namn: Brian Alexander Wade

Bosted: Nord Irland

Alder: 30 år

Yrke: Gartner/ gardsmann (bur ikkje på gard)

Interesser: Rally, drifting, tautrekking, fotturar, løping, reparasjon av maskinar. Ønskjer å oppleve lokale skikkar

Opphald i Hordaland: 26. juni- ca. 6. august

IFYE-en skal ha fleire vertsfamiliar, 2 -3 veker i kvar familie. Vertsfamilie kan vera med/uten barn, par av same kjønn eller single.