Kanskje du no kan vende dette til noko positivt?

Nytt høvet til å sjekke ut oppdragsbanken til 4H, kom i gong med det digitale prosjektet ditt! Inne på oppdragsbanken ligg det mange nye oppdrag no, og mange av dei er slike du kan gjere åleine og i ditt eige hus!

Lag påskestemning i eigen heim, du kan for eksempel ha berre levande lys, fyre i ovnen og spele brettspel? Ring til bestemor og bestefar, eller kanskje ein gamal nabo som er mykje åleine?

Det er også mogleg å spele spel over digitale møteplattformar, t.d. yatzy går heilt fint!

Noko anna du kan gjere no i påska er å selge 4H lodd over nett. Ein kan betale via vipps, og så kan du skrape lodda og sende bilete av lodda, eller du kan lage ein film der du skrapar lodd og feks fortel om korleis kvardagen din er no, eller om 4H. Her er det berre å vere kreativ!

I 4H er vi vande til å jobbe på dugnad. Vi gjer noko som vi ikkje får betalt for, for å gjere ein forskjell for enkeltmenneske eller fellesskapet. Det er det vi gjer no også!

Derfor er det så viktig at vi er med på dette, alle som ein, sjølv om det kan bli kjedlege dagar inni mellom. Då er det viktig å ha i bakhovudet at alt blir bra! Varmt hjarte er i 4H løftet, og det jobbar vi med saman no!

Med ønske om ei riktig god påske, og ta vare på kvarandre!

Påskehelsing frå

Berit, styreleiar i 4H Møre og Romsdal

Ps! 4H-kontoret har feriestengt i perioden fredag 3. til tysdag 14. april.