Årsmøtet i 4H Sogn og Fjordane vart gjennomført sundag 13. februar, og bort i mot 50 engasjerte deltakarar stilte med smil og glede på Thon Hotel Jølster.

«På tross av endå eit koronaprega år fekk eg vitna god aktivitet og høgt engasjement rundt om kring i heile fylket vårt i året som har gått, engasjerte og flinke fylkesstyremedlemmar og godt samarbeid med våre tilsette på kontoret.» fortel Eirik.

Året 2022 skal bli fylt med aktivitetar i fylket. Vi fekk denne helga gjennomført både styrekurs for 4H-arane og inspirasjonssamling for dei vaksne dagen før fylkesårsmøtet. I 2022 har vi planlagt storslagen plakettfest for kulla 2020 og 2021, i tillegg til Storkurs og Trivselsagentsamling og ikkje minst 4H-landsleir på Breim.

«Vi takkar våre 2 engasjerte og sprudlande styremedlemmar som no går av, og gler oss til å ynskje velkomen til dei 2 nye. Vi er ein god gjeng med medlemmar og klubbrådgjevarar frå heile fylket.» smiler Eirik.

Han legg til: «Dette vert eit utruleg inspirerande år, då spesielt med tanke på landsleiren på Breim – der vi i 4H Sogn og Fjordane står som arrangør.»
 

Fylkesstyre for året 2022

 

Namn

Klubb

Alder

Kommune

Leiar

Eirik Hortemo Vikøren

SOFA

34

Sogndal

styremedlem

Camilla Nesheim

Troda 4H

37

Stad

styremedlem

Isak Nordgulen

Blåklokka 4H

19

Sunnfjord

styremedlem

Kristin Eineteig

SOFA

20

Sogndal

styremedlem

Thea Ølnes Andersen

Bergrosa 4H

17

Luster

1 vara

Hilde Berit Hylland

Nausta 4H

41

Sunnfjord

2 vara

Mariann Kvalheim Thorsnes

Fjordljos 4H

32

Sogndal

3 vara

Nicolai Sandnes

Eggenipa 4H

15

Gloppen