Døme på aktivitetar:

Taubruebygging 

Bli med å bygge og konstruere din eigen klatrepark mellom trea. Leik i tau er både spennande og lærerikt.
Friluftsrådet har utvikla taubruer som er enkle å sette opp og ta ned. Ved hjelp av klatretau, karabinerar og nokre enkle knuter. Kan alle som vil vere med, delta på å bygge opp ein spennande klatrepark.

Når taubruene heng oppe blir det leik (Tarzansisten) og moro. Hinderløype?

For mer info om taubruer sjå: https://www.friluftsraadet.no/taubru

Mat på bål

Mat smakar best på tur, og aller best når den er blitt laga ute.
Sunnmøre friluftsråd inviterer til ein kveld der vi lager middagen ved bruk av bål.
Bli med på en middag litt utenom det vanlige ?

Bålet er varmekilde og kos, så her blir det moglegheit for å lære eller vise sine kunnskaper om gode "matbål".

Refleks kviss/50 leiken

Litt om opplegget: Her har eg laga til 50 laminerte ark som blir hengt rundt i eit område. Jo større område, desto meir slitsomt blir det.  Alle postane har eit refleksmerke på seg, så her trengs hovudlykt som personleg utstyr. Deltakerane blir delt opp i grupper på ca 3-5 personar. Det må vere ein leiar som står ved terningane (som gruppa triller for å vite kva lapp dei skal finne) og som seier om svara dei kjem med er riktig eller feil.

Klubben MÅ halde til i ein av desse kommunane:

Fjord, Giske, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein,Vanylven, Vestnes, Volda, Ørsta og Ålesund

Ta kontakt for meir informasjon og samarbeid:

Sol Kvavik Idland, Sunnmøre friluftsråd

tlf.: 92247101

e-post: sol.k.idland (a) gmail.com