Korleis melde inn ein sak til årsmøtet i klubben?

På eit årsmøte i klubben kan innkallinga og sakslista sjå slik ut: 

sakliste til årsmøte

I klubben har alle medlemmane stemmerett på årsmøtet.

Dersom du som medlem har ein ide eller noko du meiner klubben må diskutere på årsmøtet, må du melde dette til styret minst 5 dagar før årsmøtet. Dette står i vedtektene (lovene) for 4H-klubbar.  (PDF, 243KB)Din sak vil då bli tatt opp under sak nr. 6 (sjå bilete).

Korleis melde inn ein sak til årsmøte i 4H Hordaland? 

På årsmøtet i klubben blir det avgjort kven av medlemmane som skal ha stemmerett på fylkesårsmøtet (sjå sak 9c på bilete over). Ofte blir desse kalla for utsending, delegat eller årsmøterepresentant. 

Årsmøtet skal i følge vedtektene (PDF, 458KB) handsame desse sakene: 

  • Val av 2 referentar til å føre protokollen
  • Val av 2 personar til å underskriva protokollen saman med ordførar
  • Forretningsorden for årsmøtet (reglane for møtet)
  • Årsmelding frå fylkesstyret
  • Revidert rekneskap
  • Prinsipielle spørsmål reist av landsstyret, eller saker som klubbane eller fylkesstyret ønskjer å drøfte. Slike saker skal vere komne til Fylkesstyret seinast 3 månader før årsmøtet
  • Handlingsprogram - kvart andre år
  • Årsplanar
  • Budsjett
  • Tilsetjing av revisor
  • Val 

Mange vel å dele opp sakene, og saklista kan derfor sjå litt annleis ut. 

Vedtektene til fylket seier at desse har rett til å senda inn saker til fylkesårsmøtet: 

  • 4H-fylkesstyret
  • 4H-klubbane
  • medlemsorganisasjonane
  • dei valde årsmøterepresentantane (frå klubbane)

Fristen for å sende inn saker til årsmøtet i fylket er i følge vedtektene 3 månader før møtet, Dersom de til dømes på årsmøtet i klubben kjem på ein sak, skal de likevel ikkje nøle med å sende den til styret