Haustfesten er ei viktig 4H-tilstelling. Vanlegvis er den eit glimrande høve til å vise omverda kva 4H-klubben arbeidar med – i år er det minst like viktig å gjennomføre Haustfesten for at 4H-medlemmene skal få ei fin avslutning på nok eit annleis 4H-år. Vi skal i 2021 også vere rause med prosjekt-vurderingane og med deltakinga på klubben sine møte og arrangement.

For at Haustfesten skal gå greitt er det ein del brikker som skal falle på plass. Tenk gjennom kva som er viktig for din klubb. Ver ute i god tid med å sjekke haustfestlister og å bestille inn merker og evt. vurderingskort.

 

Registrering av prosjekt:

Ta ut haustfestliste - her får du oversikt over:

  • Namn på alle i medlemmer i klubben. Saknar du nokre medlemmer på denne lista, kan det vera at dei har blitt utmeldt pga. ikkje betalt kontingent eller at dei ikkje er innmeldt.
  • Kva prosjekt dei har valt og kva merke dei skal ha utdelt i år. 
  • Slik tek du ut haustfestlista

Merker til haustfesten:

På høgre side kan du laste ned eit tipshefte om førebuing til haustfest