Når vi kom på fredag og plasserte oss på romma fekk vi servert kaker ute på skuleplassen. Det var Blåklokka 4H, arrangørklubben som har jubileum i år, som feira dette med å gi ut kaker til oss. Til middag fekk vi servert gode pannekaker. Etter middagen var det bli kjent leikar, som trivselsagentane arrangerte. Etter at vi hadde blitt litt kjent med kvarandre kom landsleir-komiteen og fortalde om Landsleir 2022 som skal haldast på Breim. Vidare utover kvelden var det opent opplegg og folk var blandt anna på fotballbana og spelte fotball, og andre var i Gjesthalla og hadde fleire leikar.

På laurdagen var det aktivitetar som stod på planen. Vi hadde valgt mellom kreativ verkstad, volleyball, dans, friluftsliv og tur til Lunde Turistheim. Då alle begynte å kome tilbake vart det servert frukt og yoghurt, før det var fri heilt til middagen. Til middagen skulle våre supre trivselsagentar bringe 70-talet tilbake til oss. Det var discolys, vinylplater, peaceteikn, ballongar, musikk frå 70-talet og tacofest. Etter middagen var det catwalk, henteleiken og grip mikrofonen. På catwalken fekk vi sjå alle dei flotte kleda medlemane hadde kledd seg opp i. Det var parykkar, slengbukser, briller og flotte fargar. Etter trivselsagentene sitt hovudopplegg var ferdig kunne ein velje sjølv kva ein ville gjere. Mesteparten av godgjengen blei likevel igjen nede i gjesthalla og leikte. Vi slutta kvelden med grip mikrofonen der alle medlemane vart med, det vart allsang og så god stemning at det plutseleg vart midnatt.

Sundagen starta vi etter frukosten med å pakke saman. Når vi alle var ferdig pakka gjekk vi ned i Gjesthalla. Der blei vi fordelt utover fem bord og var klare for stafett. Leirkomiteen til landsleir 2022 hadde laga klar ein stafett til oss. Vi hadde sju minutt til å skrive alt av underholdning og artistar vi ville likt å sjå på landsleiren. Etter at medlemane begynte å skjøne at det ikkje stod i oppgåva at berre ein måtte springe, og berre ein og ein som skreiv, så rann forslaga inn. Vinnarlaget hadde heile 51 gode forslag.

Alt i alt har kurset vore ein suksess, og vi har leika og kosa oss ilag. Medlemane har endeleg igjen fått møtt andre 4H-ara i Sogn og Fjordane. Vi har knytta venskap og skapt oss gode minner. Dette har vorte ei minneverdig og viktig samling etter at korona har satt ein stoppar for at vi har kunne samla oss.

Thea, Trivselsagent

 

 

...og til deg som gjerne skulle vore med... 

Fortvil ikkje, vi møtes igjen på Storkurs i 2022, helga 22. - 24. april!

Sett av datoen allereie - vi gler oss !