Søndag 14. mars gjennomførte 4H Hordaland sitt digitalt fylkesårsmøte på Teams med hjelp av GoPlenum til registrering av delegatar, fremming av saker og røysting. 

4 fylkesstyremedlemmar var samla på Thon Hotel Sandven i Norheimsund saman med ordstyrar Jostein Ljones,  Siv Ljones som var skrivar på årsmøtet, og organisasjonsrådgjevar Turid Sandstad Herland, for å gjennomføre årsmøtet.

50 delegatar frå 26 klubbar deltok saman med representantar frå kontrollnemnda, valnemnda, fylkesstyret, sentralstyret, ansatte, og observatørar som kunne følgje årsmøtet via Teams.

Ein stor takk til Andrine Jensen Fossum som kom med helsing frå sentralstyret, og Synnøve Jørgensen, våre regionkoordinator, som gratulerte 4H Hordaland med eit vel gjennomført 4H-år, og eit godt gjennomført årsmøte. 

Alle årsmøtesakar vart ferdig behandla og eit nytt fylkesstyre valt. Ein stor takk til dei som gjekk ut av fylkesstyret, valnemnd og kontrollnemnd for ein godt gjennomført jobb, og velkomen til dykk som tek nye verv og oppgåver. Vi er glade for at vår dyktige styreleiar Synne Røthe Sandal  tok gjenval. 

I slutten av årsmøtet delte alumnklubben H.A.N.S.A. ut "Årets solsikke" til Sisu 4H for det mest geniale 4H-møtet. Fylkesstyreleiar Synne Røthe Sandal gratulerte Vennskapsporten 4H som årets loddseljarklubb i Hordaland, og Øvrebygda 4H som "Årets klubb 2020". Ein stor gratulasjon til alle!

Ein stor takk til alle som deltok på årsmøtet, og alle medlemmer og frivillige som har stilt opp og gjort ein kjempeinnsats i 2020!

Det nye fylkesstyret består av:

 

Det nye fylkesstyret består av:
LeiarSynne Røthe Sandal1 år (attval)
Styremedlem- ØkonomiansvarSteinar Holmberg Vikane1 år (ikkje på val)
Styremedlem- SkrivarAgnethe Flatnes Skarveland2 år (ny)
StyremedlemAnna Trå2 år (attval)
StyremedlemMartha Gjerald1 år (ikkje på val)
1. varaMarius Instanes Opedal1 år(attval)
2. varaSteffen Stråtveit1 år (ny)
3. varaLisa Jonetta Ølvestveit1 år(ny)