Laurdag den 05. februar arrangerte 4H Møre og Romsdal digitalt styrevervskurs.

Gjennom kursa fekk deltakarane eit innblikk i korleis vere ein god leiar for klubben, skrive gode referat, føre rekneskap og korleis styremedlem bør kunne litt av alt innan styrearbeid. Her var læringskurva bratt, men tilbakemeldingane har kun vore gode. 

Dei medlemma som hadde gjennomført eit kurs i sitt verv, men som ønska litt fagleg påfyll, kunne melde seg på kurset friluftskurs. Stikkorda her var bål, mat på bål og andre kjekke uteaktivitetar.  

Dei digitale styrevervskursa var lærerike og motiverande. Vi ønskjer å rette ein stor takk til instruktørane som delte av sin kunnskap. Det er ikkje alltid like lett å få til aktivitet når undervisninga er gjennom ein skjerm. Med kreativ planlegging, gode aktivitetar og deling i grupperom, så klarte våre flinke instruktørar å halde engasjementet heile dagen!

Vi ønskjer også å rette ein takk til deltakarane som var lydhøre, lærevillige, kjekke og motiverte, samt foreldre og klubbrådgjevarar som stilte opp slik at denne kursdagen blei gjennomført på ein god måte. 

Straumen 4H

Her ser du Vilde Liaskar Sandal, Emma Sofie Garli og Olivia Garli Bjørdal frå Straumen 4H som deltek på kvar sine kurs. 

Tusen takk!

Leiarkurs/nestleiar: Marita Nauste Hamre og Sofie Hamre. 

Kasserarkurs: Sigrun Sjømæling og Ida Bjørnevik.

Sekretærkurs: Ida Kanutte Risvik, Hege Einset og Andrine Ljotebø-Krokå.

Styremedlemskurs: Ragnhild S.Bjørkedal og Renate Sandnes

Friluftskurs: Emil Andre Hatle, Hanne Mette Hatle og Iver Hamre

Kursadministrator: Hans Ole Hatle, Hanne Mette Hatle og Ragnhild Bjørkedal. 

 

Søndag 05. februar var det klart for digitalt årsmøte i 4H Møre og Romsdal. 

Den digitale plattformen var Teams, med Mentimeter som røysingsplattform. 

Ordførar Aud Solveig Malmedal leia oss trygt gjennom møte. Hans Ole Hatle, Hanne Mette Hatle og Ragnhild Bjørkedal bidrog med den raude tråden og organiseringa av gjennomføringa. 

Det viktigaste leddet i vår organisasjon er sanfunnsengasjerte, miljøbeviste og omsorgsfulle barn og unge. Det var derfor veldig kjekt og motiverande å sjå så mange delta i viktige vgjersle og møtesaker som former korleis 4H Møre og Romsdal skal styrast. Alle saker på agendaen blei behandla, og årsmøtet var positive til eit nytt og kjekt år i 2022. 

Det vart valt nye representantar til fylkesstyret, og vi ønskjer å rette ein stor takk til dei som gjekk av. Det har vore mange fine stunder i lag med dette styret, og mange fine arrangement og oppfølginger har blitt gjennomført.

Fylkesstyret 2021

Andrine Ljotebø-Krokå, Hans Ole Hatle, Hanne Mette Hatle, Ida Kanutte Risvik, Silje Stadheim, Hege Einset og Ragnhild Bjørkedal. Samt Ingun Bævre og Andreas Skomsø som ikkje var tilstede når dette bilde blei teken. 

Vi ser no fram til eit nytt år i 2022, og ønskjer det nye styret velkommen, og masse lykke til i dykkar nye verv. 

Det nye styret består av :

Leiar (1 år): Hans Ole Hatle (attval)

Styremedlem (2år): Ragnhild S.Bjørkedal (attval)

Styremedlem (2år): Andreas Martin Skomsø (attval)

Styremedlem (1år igjen): Ida Kanutte Risvik (ikkje på val)

Styremedlem (1år): Silje Stadheim (attval)

Vara for fylkesstyret

1. vara (1 år): Tare Reklev Øverbø (ny for eit år)

2. vara (1 år): Andrine Ljotebø-Krokå (attval)

3. vara( 1 år): Ingvild Aasen Grimstad (ny for eit år)

 

Vi i 4H Møre og Romsdal rettar ein stor takk til alle deltakarane som var med oss begge dagane, til klubbrådgjevarar og foreldre som hjelpte til. Dokke er knakande gode alle saman.