Søndag 21. februar gjennomførte 4H Rogaland digitale årsmøtet sitt på Teams med hjelp av GoPlenum til registrering av delegatar, fremming av sakar og røysting. Ordføraren Kristin Søyland og varaordføraren Laila Vølstad Hognestad samla med ein liten arrangørgruppe med god avstand på hotellet og leia oss trygt gjennom årsmøte.

Vi hadde 39 delegatar frå 24 klubbar på årsmøte, i tillegg til 5 styremedlemer, representantar frå kontrollkomiteen og frå sentralstyret, og observatørar som kunne følge årsmøtet på Teams. Takk til Andrine Jensen Fossum som gav ein fin helsing frå sentralstyret. Vi er takknemleg for tilliten av kontrollkomiteen i jobben fylkesstyret har gjort i eit krevjande år.

Delegatar kunne sende innspel på Mentimeter under generaldebatten. Det som kom klart fram var at medlemmene våre syns 4H er kjekt og sosialt, og at dei har veldig lyst på leir, volleyball og aktiviteiter. Vi fekk gode innspel korleis vi kan få fleire medlemmer og kva vi burde gjere meir av. Det nye styret skal ta tak i dette årsmøtet har spelt inn.

Alle årsmøtesaker vart ferdig behandla og eit nytt fylkesstyre vart valt inn. Takk til dei som gjekk ut. Og velkomen og lykke til til dykk som tek på nye verv. Vi er glade for at dyktige styreleiaren vår Mari Aksdal Hermansen skal fortsette å leie styret eit år til.

Det nye styret består av:
Leiar (1 år)Mari Aksdal Hermansen valt
Styremedlem (1 år igjen)Helle Skretting ikkje på val
Styremedlem: (1 år igjen)Jeanette Øyenikkje på val
Styremedlem (2 år)Iris Merete Natten Frydenlundvalt
Styremedlem (2 år)Kjell Arvid Søylandvalt
1. vara (1 år)Sigfrid Skogland Kristjansdottirvalt
2. vara (1 år)Tomine Ravnåsvalt
3. vara (1 år)Janne Fagerland Sjursenvalt

 

Takk til alle som deltok på årsmøte! Det var flott å sjå så mange delegatar i dette uvanlege året. Til slutt vil vi i 4H Rogaland takke alle medlemmer og frivillige som stilte opp og gjorde ein kjempeinnsats i desse utfordrande tider. De er råflinke!