Økonomi skal ikkje vere nokon hindring for å delta på 4H sine aktivitetar – alle som vil, skal vere med.

Deltakarstøtte er for barn og unge under 26 år. Målet med tilskotsordninga er å motvirke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Deltakarstøtte er finansiert med tilskot og frå 4H sine midlar.

Fyll ut skjemaet under for å søkje om støtte. Det er foresatte eller klubbrådgjevar som bør sende inn søknaden for deltakarane. Søknadane behandlas fortløpande, og alle får raskt svar.

Dette kan du søke støtte til:

  • Deltagaravgift for leir, kurs, klubbkveld o.l.
  • Transport til og frå eit arrangement.
  • Utstyr du treng til f.eks. leir. (NB! Undersøk moglegheitar for å låne utstyr først! BUA låner ut mykje utstyr ).
  • Kostnadar knytta til ditt 4H-prosjekt.

Du kan ikkje søke om deltakarstøtte for betaling av medlemskontingent.

Søk om deltakarstøtte før du melder deg på eit arrangement. Enkelte arrangement krev betaling ved påmelding og da er det viktig at du har vore i kontakt med oss først.

Ved spørsmål kontakt kjell.thorstensen@4h.no

Les om ordninga og søk støtte