Kvart år lager og sender 4H Norge ut eit aktivitetshefte til kløvermedlemmene i 4H. Eit kløvermedlem er 4- 9 år. Tema for årets utgåve er "Bli kjent med dyra". 

Bli kjent med dyra: I Norge har vi kjeledyr som katt og hund, ville dyr som elg og ulv, i tillegg hest som kan brukast til sport og arbeid. Vi har òg produksjonsdyr som ku, gris og sau som gir oss viktige matvarar. Dette heftet inneheld aktivitetar som gjer deg betre kjent med dyra. Blant anna får vi lære om dyr som kan gje oss mat og ull, korleis søv dyra, kor mange egg legg høna kvar dag, dyreleikar og dyrekonkurransar.

Ta ein titt i heftet og sjå!

 Kalv                     Katt