Med «Årstidens oppdrag» ønskjer 4H Norge å løfte fram sesongbasert og lavterskel friluftsliv i nærmiljøet, som kan få barn og unge ut i naturen året rundt.

For kvar årstid legg vi derfor ut ei rekke med oppdrag som kan inspirere 4H-arar til å bruke nærnaturen. Oppdraga kan gjennomførast som ein fritidsaktivitet eller som ein del av eit 4H-prosjekt – det er opp til deg!

Sommaren er den lysaste og varmaste av dei fire årstida og er favorittårstida til veldig mange. Kanskje det er på grunn av sommarferien, som gir oss så gode moglegheitar for å leke og lære ute i naturen? Mange pleier å bade, sykle, lyse etter krabbe, gå turar i nærområdet, fiske, ha vannkrig eller plukke fine blomar i sommarferien. Men kva med å bruke ferien på å læra seg noko nytt?

Ønskjer du å vinne nytt friluftslivutstyr? Vi trekker vinnarar blant alle som sender inn bilete og/eller videoar frå minst eit oppdrag pr. årstid. Send inn dine bidrag via dette skjemaet eller på e-post til monika.swigon@4h.no (merkes med «Årstidens oppdrag – konkurranse»).

Frist for å sende inn bidrag for sommerens oppdrag er 31. august. Trekninga skjer 1. september, og vinnar annonserast fortløpande.

Les meir om Årstidens oppdrag og konkurransereglar