Åretsklubb 2021!

Tur

Klubben held til på Hellesylt, i Stranda kommune og har til saman 23 medlem og to klubbrådgivarar. Klubben blei starta i 1984, og har sidan den gong funne på mange kjekke aktivitetar, og fulgt mange barn og unge på deira reise igjennom 4H løpet.

Til tross for nok eit utfordrande koronaår i 2021, har denne klubben klart å gjennomføre veldig gode og varierande aktivitetar, og fylkesstyret er imponert over alt dei har klart å få til. Klubben har klart å gjennomføre 36 ulike aktivitetar med til saman nesten 300 deltakarar! Friluftsliv og matlaging er det klubben driv mest med, men dei har også besøkt gardar, arrangert bingo, Kahoot, feira Halloween og mykje anna. Dei har sjølvsagt også deltatt på digitalt styrevervskurs og Storkurs.

Fisking

Om du ikkje har klart å gjette deg til det, så er det Fjellrosa 4H som går av med seieren som "Årets klubb 2021". Fylkesstyret ser at klubben har markert seg som ein inkluderande klubb, med opne arrangement og fokus på å syne fram kva 4H er i lokalmiljøet. Fjellrosa 4H har og hatt godt samarbeid med andre lag og organisasjonar, og syner til godt og allsidig arbeid i, og for sitt lokalmiljø. Dei er og flinke til å delta på arrangement som har blitt gjennomført i fylket.

Med denne prisen ynskjer vi å rose klubben for innsatsen, og å motivere til å fortsette i same stil.

4H Møre og Romsdal takkar Fjellrosa 4H for stor innsats gjennom heile 2021, og vi gleder oss til fortsetelsen. Premie og pokal vil bli delt ut ved eit seinare høve.

Vi gratulerer så mykje til Fjellrosa 4H, som Årets klubb 2021!

Bål