Varden 4H er klubben på Ringøy i Ullensvang som nektar å leggje ned, sølv om dei berre har 6 medlemmar. Det sosiale og samhaldet er viktigaste i denne klubben. Varden 4H ønskjer å vera «heilt lokal», ein klubb for bygda, som bruker naturen og lokalmiljøet på klubbmøtene sine. I år har dei blant anna vore på ski- /hytterturar, dei har laga natursti til 17. maifeiringa i grenda si, og dei har hatt mange bademøter med felles kos og grilling. 

Da 4H Hordaland sitt dagskurs  «Foredling av frukt og bær» vart avlyst, lagde klubben sitt eige opplegg der dei safta og sylta. Produkta vart selde på haustfesten, og pengane som kom inn gjekk til gulvbelegg i 4H-klubbhuset/ kjellaren. 

Varden 4H stiller opp på 4H Hordaland sine arrangement, og har spesielt vært flinke til å delta på dagskurs og Juniorprell. I år deltok fleire av medlemmane på Juniorsprell på Hardangervidda, og klubbrådgjevar Anna Gudrun Tveisme var ein av instruktørane på kurset. 

4H Hordaland gratulerer Varden 4H med utmerkinga "Årets klubb 2021"!