Berit har i mange år gjort ein framifrå innsats for 4H. Ho starta i sin lokale klubb, og sat fleire år i styre for klubben. Ho fullførte 4H-programet i 2006, og fekk då vitnemål og 4H-plaketten.

Etter at Berit fekk plaketten har ho vore aktiv alumn, og var ein av nøkkelpersonane som fekk alumnklubben i Møre og Romsdal på fote igjen.

Etter kvart vart ho valt inn i fylkesstyre.Ho sat som fylkesstyreleiar gjennom heile 5 år, ho leia styret og fylket med stø hand. Ho gjorde ein formidabel innsats, og styrte fylket med sikker hand gjennom endringar i organisasjonen. Gjennom fylkesstyret har ho også bidrege sterkt på fylke sine arrangement, har i fleire år vore med på å arrangere fylkesleir. Vore med som kursinstruktør, vaksenleiar på storleir og alltid vore positiv til å ta ansvar og arbeidsoppgåver.

Berit har eit stort hjarte for 4H, og både unge og eldre trivast ilag med henne.