Årsmøte i klubben

På side 13, 14 og 15 i heftet "året rundt" finn du rettleiing for korleis klubben kan gjennomføre eit godt årsmøte. 

Årsmøtet skal skje i løpet av november, og i god tid før årsrapporteringsfristen 1. desember. 

Ta gjerne kontakt med 4H-kontoret dersom de treng rettleiing. 

Plan for det neste året

På årsmøtet blir årsplan vedtatt. Dette kan vere ein detaljert plan eller ei enkel liste over aktivitetar som klubben vil gjennomføre det neste året. Finn ein god måte å få inn forslag frå medlemmane. 

Det nye styret bør på første styremøte lage eit årshjul for klubben. Fordel ansvaret for dei ulike aktivitetane og oppgåvene som skal gjerast. Hugs at også andre enn styret bør få ansvar!

Medlemmer

Kva skal til for at barn og unge i nabolag vil vere med i vår 4H-klubb? Styret eller heile klubben bør diskutere dette nå. Sett gjerne opp ei liste over positive ting. Dersom medlemane har tilgang til mobiltelefon eller datamaskin, kan ein til dømes bruke www.mentimeter.com. Dette kan gjere det enklare å få nye medlemar og ikkje minst halde på dei vi har.  

I januar og februar er tida for å oppdatere lista over medlemer i medlemsregistret. 1. februar tar 4H Norge ut ei liste. Alle medlemane som er på lista, vil få faktura for medlemskontingent.

Kontaktinformasjon og tilgangar

Det er viktig at kontaktinformasjon til klubbstyret blir oppdatert til dømes i Brønnøysundregistrene, medlemsregistret til 4H, på heimeside, ungfritid.no og sosiale media. Slik kan styret motta informasjon og andre kan få kontakt.  

Å ha eit verv vil ofte sei at du har tilgang til administrasjon av til dømes sosiale media. Hugs å gje tilgangen vidare. I medlemsregistret til 4H heng dette saman med verva som blir lagt inn. 

Førebu oppstart av nye 4H-prosjekt 

Systemene til 4H følger kalenderåret. Det betyr at vi ikkje kan registrere nytt 4H-prosjekt før 1. januar. Bruk tida før jul til å finne ut kva medlemane i klubben har lyst til å jobbe med. Kanskje det er tid for eit fellesprosjekt? Mykje nytt er tilgjengeleg i oppdragsbanken til 4H.