Ein stor takk til alle deltakarar, klubbrådgjevarar og foreldre som stilte opp, slik at denne kursdagen ble gjennomført på ein god måte. Eg trur det er mange som har lært mykje før og under denne helga, ikkje berre de ute i klubbane, men òg fylkesstyret og ansatte.

Den største takken går til instruktørane og kursadminstrator som på kort tid heiv seg rundt og gjorde om kursopplegget frå ei fysisk samling til eit digitalt kurs. Dei gjorde ein kjempe-flott jobb for å få til spanande, informative og kreative digitale kurs. Det er ikkje enkelt å gjere digitalt styrevervskurs så interessant at medlemmer ønskjer å delta ein heil laurdag, men det klarte våre flinke kursinstruktørar.

Guro Gjernes Nedrevåg og Miriam Solheim; Skrivarkurs.

Ingrid Otnes, Steffen Stråtveit og Thea Lerbrekk; Kasserarkurs.

Sofie Ljones og Vilde Sylta Kvamme; Leiar/ nestleiarkurs.

Helene Stråtveit og Lisa Jonetta Ølvestveit; Årsmøteseminar.

Og ikkje minst Synne Røthe Sandal, vår flinke fylkesstyreleiar og kursadministrator som hadde hovudansvaret for heile arrangementet.

Styrevervsinstruktørar

Styrevervsinstruktørane