Frifonds midlar er pengar frå Norsk Tipping som skal gå til å skape ny lokal aktivitet eller styrke den lokale aktiviteten som allereie er der. For 4H sin del betyr det at både eksisterande og nye 4H-klubbar kan få støtte, så lenge pengane vert brukte til aktivitet i 4H-klubben.

 

Kven kan motta frifond-støtte?

  • Klubben må ha minst 5 teljande medlemmer. Eit teljande medlem er ein person som er under 26 år, og som individuelt og frivillig har meldt seg inn i klubben.
  • Klubben må ha eigen konto, registrert i klubben sitt namn, ha organisasjonsnummer og vere registrert i Frivillighetsregisteret for å få utbetalt støtte.
  • Klubben kan ikkje motta Frifondstøtte fra meir enn ein organisasjon i tilskots året. Det betyr at dersom ein søkjer om Frifondstøtte gjennom 4H, kan ein ikkje søkje Frifondstøtte gjennom ein annan organisasjon.
  • Klubben må ha levert årsmelding, signert årsrekneskap (kasserer og revisor) innan fristen 15. desember året før
  • Klubben må ha levert årsrapport i medlemsregistret innan fristen 15. desember året før.