-Vi er klar for eit nytt år med 4H-aktivitetar, styrearbeid og planlegging av nye spennande prosjekt, seier styreleiar Mari Aksdal Hermansen (21 år). Ho har nå tatt attval og ser fram til andre periode som leiar for 36 lokale klubbar og 1300 4H-medlemmer frå fylket.

-Det er som å vere på «nivå 2». Nå veit eg kva som ventar, og kan tenkje mykje lenger fram enn i fjor, fortel ho engasjert. Mari kjem frå Sola kommune, og har vore aktiv i Skjalg 4H sidan ho var lita jente.

-I 4H har eg lært utruleg mykje om svært mange forskjellige tema, men aller mest om organisasjonsarbeid, leiarskap, demokrati og samarbeid.

Dette året skal Mari og resten av styret arrangere Storkurs på Klepp, Fylkesleir i Dirdal og tur til landsleir i Bodø. Dei har også planar om oppstart av ny klubb på Storhaug i Stavanger. Samstundes utarbeider styret nye mål for organisasjonen.

-Vi ønskjer å knyte endå sterkare band mellom klubbane og fylkesleddet. Ein tett og god dialog vil styrke demokratiet, samt gjere tiltaka som fylket set i gong mykje betre, seier Mari.  

Desse er vald inn i nytt styre:

 

namn

Alder

Lokal klubb

kommune

Leiar

Mari Aksdal Hermansen

21

Skjalg 4H

Sola

styremedlem

Sigfrid Skogland Kristjansdottir

18

Fordsol 4H

Tysvær

styremedlem

Rune Bråthen

37

Skjold 4H

Vindafjord

styremedlem

Helle Skretting

16

Svala 4H

styremedlem

Jeanette Øyen

35

Fjellbygdå 4H

Klepp

1 vara

Iris Merete Natten Frydenlund

19

Viking 4H

Sandnes

2 vara

Jørgen Tuen

17

Solglimt 4H

3 vara

Janne Fagerland Sjursen

17

Hjelmen 4H

Hjelmeland