På festen stiller medlemmane ut prosjekta dei har arbeidd med gjennom siste året, underhaldar frå scena, er programleiarar, serverer mat og kaffi og tar imot prominente gjester.

-Etter nesten 2 år med lite aktivitet, er det fantastisk å sjå at klubbane igjen inviterer til haustfestar, seier styreleiar i 4H Hans Ole Hatle.

Vurdering av 4H-prosjekt

Høgdepunktet på festen er utdelinga av merke til medlemmene med godkjent 4H-prosjekt. Har ein fått merke sju gonger, mottar ein 4H-plaketten og vitnemål.

-4H-plaketten viser at du har vilje til å gjennomføre, lære nye ting og kan arbeide sjølvstendig. Medlemmer legg gjerne fram vitnemål frå 4H på jobbintervju, fortel Hans Ole. I Møre og Romsdal er det i årleg rundt 20 ungdomar som mottar plaketten.  

Klart hovud, varmt hjarte, flinke hender…

Det er, som alltid i 4H, medlemmane (10-18 år), som planlegg og gjennomfører det som skjer i klubben. Dei vaksne er i bakgrunnen for å rettleie og støtte. I ferdigstilling eller vurdering av 4H-prosjekta er dessutan føresette, besteforeldre og andre ressurspersonar i nærmiljøet engasjert. Haustfesten er staden for å gjere stas på, og takke alle for innsatsen.

-Bak kvar enkelt haustfest ligg det ein enorm frivillig innsats, seier Hans Ole. Saman med resten av fylkesstyret skal han besøke fleire haustfestar denne månaden.

-Eg gler meg til å helse på alle dei stolte 4H-arane og til å sjå kva dei har arbeidd med i 4H-prosjekta sine dette året. Kanskje eg også kan lære noko nytt, smiler Hans Ole.

Haustfestane er opne arrangement. Kom gjerne innom!

Her finn du haustfesten nær deg:

 

Klubb

Jubileum

Haustfestdato

Fjellflora 4H

 

25.09.2021

Tareholmen 4H

25 år

26.09.2021

Mulevika 4H

20 år

03.10.2021

Røsslyngen 4H

20 år (2020) 

04.10.2021

Fossekallen 4H

25 år

22.10.2021

Hustadvika 4H

20 år

22.10.2021

Blåklokka 4H

 

23.10.2021

Elvablikk 4H

 

23.10.2021

Løvetann 4H

 

23.10.2021

Skåla 4H

 

23.10.2021

Storm 4H

 

23.10.2021

Vårbrus 4H

 

23.10.2021

Fjellrosa 4H

 

23.10.2021

Myrvåg 4H

 

23.10.2021

Fjellreven 4H

 

24.10.2021

Grimstadhøgda 4H

 

24.10.2021

Ørn 4H

50 år

24.10.2021

Vårsol 4H

 

24.10.2021

Kveldssol 4H

50 år (2020)

24.10.2021

Lynet 4H

 

29.10.2021

Freidig 4H

 

30.10.2021

Klurtolla 4H

 

30.10.2021

Ruggå 4H

 

30.10.2021

Bjerkely 4H

 

31.10.2021

Kråkefot 4H

40 år

31.10.2021

Vågbø 4H

 

31.10.2021

Liljen 4H

70 år

31.10.2021

Regnbuen 4H

 

31.10.2021

Lauparen 4H

 

Oktober

Straumen 4H

 

Oktober

Start 4H

 

Oktober

Vårsøg 4H

 

Oktober

Futt 4H

 

Oktober